For laurdag og søndag varslar varsom.no faregrad 3 (betydeleg snøskredfare) både i Indre Fjordane, Indre Sogn, på Sunnmøre og i Jotunheimen.

For Indre Fjordane er det kraftig vind på toppane som lagar ferske fokksnøflak som kan vere svært lett å løyse ut, melder varsom.

Kaldt og klart vêr den siste tida har omdanna snøen i overflata. Når det legg seg ferske flak oppå dette, kan det bli svært lett å løyse ut skred, står det i varselet.

– Følg med om vinden flyttar snøen. Unngå bratte leområder. Snøfokk, skytande sprekker og ferske skred er tydelege fareteikn.

Faregradsskala: Dette betyr dei ulike faregradane for snøskred Foto: NVE