Store skred som losnar av seg sjølv er venta. Skredfaren aukar utover dagen når snøen vert utsett for meir og meir mildvêr og regn.

Faren for store skred som når langt, er størst i dei områda som har fått mest snø dei siste dagane. Hold god avstand til skredterreng, skriv varsom i sitt varsel.

Stor snøskredfare i heile landet

Det er ikkje berre i Indre Fjordane at varsom har gått ut med raude farevarsel for snøskred fredag. Skredfaren er stor både på Sunnmøre, Indre Sogn, Jotunheimen, Voss, Hardanger, Helgeland, Trollheimen, Romsdal og i Heiane.

– Dette er ein sjeldan situasjon som kan føre til alvorlege skadar, varslar NVE.