Kvar dag fram til jul trekk Frank Hool, Thomas Thaule og Roy Aron B. Myklebust ut eit nytt lydklipp med ein tidlegare gjest, og utfordrar deg til å vere med og gjette kven personen er. Nokre hint på vegen vankar det også. Her er det både lokalt og nasjonalt kjende røyster.

– Du treng ikkje å ha høyrt på Sport und Spas for å henge med i lukene, forsikrar Thomas Thaule.

Ei ny lyd-luke vert sendt på Radio Stryn dagleg fram til julaftan. Den vert også lagt ut på Fjordingen si nettside, slik at du kan høyre den når det høver deg best. Vinnarar og svar blir også offentleggjort på nettsida.