Julepynta islandshestar, fjordingar og ponyar spela hovudrollene då fjordhestlaget opna stallen ved utstillingshallen for publikum søndag. Lyslenker, juletre, gløgg, twist og mandarinar bidrog også til godstemning for dei frammøtte.
– Det var første gong i fjor, og det vart kjempegreier. Det kom i alle fall hundre innom, fortel Karoline Hatledal hos arrangøren. Då lokalavisa besøkte stallen ein knapp time etter at dørene opna var det byrja å sige bra på med folk.
I tillegg til hestane var også nokre kaniner, hundar og boer-geitebukken Mons Sivert klare for ein klapp og litt kos.
Synne Otterdal Bøe var ei av dei som stilte med hest. Lilja er namnet på den sju år gamle islandshesten, som har vore i hennar eige sidan mai.
– Det er litt jobb. Ein må gi mat, vere med den og lufte den, fortel Synne.
I austenden av stallen var det rigga til med slede, juletre og lys, dette med tanke på at publikum kunne knipse årets julekort.