Skogstjerna i Markane er mellom dei mest nytta ungdomshusa i Sogn og Fjordane. Det kom fram på folkemøtet om plassering av slambehandlingsanlegg, der området ved Skogstjerna er eitt av tre alternativ.
- 3.500 personar er innom Skogstjerna i løpet av eit år. Det er ikkje så mange andre ungdomshus i fylket som kan vise til så høge tal, vart det opplyst av representantar frå Markane UL.
- Her føregår bandøvingar, grendakveldar, basarar og ei rekkje andre arrangement for folk i alle aldersgrupper. Tysdagssvetten med 60-70 dansarar kvar veke er det som trekkjer mest folk til Skogstjerna, seier Henning Dispen.