Stryn Bedriftsbarnehage har fått løyve til å utvide frå 2,5 til 3 avdelingar. Det betyr at ein kan utvide kapasiteten frå 54 til 60 born dersom alle er over tre år.

I dag er det  fire barnehagar lokalisert i sentrumsområdet. Dei har nok plassar til at kommunen oppfyller kravet i barnehagelova som seier at alle barn som har fylt eitt år innan utgangen av august, har rett til barnehageplass. Med tilvising til at det i kommunedelplan for oppvekst ligg inne ein forventa vekst i barnehagetalet på 80 i komande tiårsperiode, har skule- og kultursjefen fatta administrativt vedtak som iimøtekjem søknaden frå Stryn Bedriftsbarnehage. Dette under føresetnad av at dei kan dokumentere tilstrekkeleg med leike- og opphaldsareal til maks 60 born, samt bemannningsplan i tråd med barnehagelova.