- Dette er helikopterland. Her ligg alt til rette for god logistikk på turistflyginga. Det var naturleg å ekspandere hit til Stryn, seier eigar av Fonnafly Gruppa AS, John Ove Velure til Fjordingen.

Kveen AS selde aksjane

I førre veke gjekk det ut melding om at Kveen AS hadde seld alle aksjane i Fjord Helikopter AS til Fonnafly Gruppa AS. Dette etter at Kveen AS hadde vore i dialog med fleire operatørar med tanke på strategisk retning og framtidig eigarskap for selskapet.

No er nøkkelpersonane på plass i basen på Langesethøgda.

- Flott ogveldriven base

- Dette er ein  stor, flott og veldriven base. Hangaren er god, og vi har fått eit godt grunnlag for å betjene hovudoppgåvene våre, ikkje minst på det som vedrører reiselivssatsinga, seier Sverre Underbakke som er ny dagleg leiar i Fjord Helikopter AS. Han understreka at dei er eit desentralisert selskap med relativt sjølvdrivne baser.

- Det er spennande med ein ny flott base. Basen i Stryn har ei viktig strategisk plassering for aktuelle kundar og framtidige oppdrag på Nordvestlandet. Ved å kjøpe Fjord Helikopter AS har Fonnafly Gruppa AS fått utvida sitt geografiske nedslagsfelt for tradisjonelle helikoptertenester også, tilføyer Velure.

I pilotpraksis

Denne veka er 1–2 nye helikopter på plass i basen, og Fjordingen møtte også  praksispiloten Christoffer Ivarsson:

- Dette er spennande, men det er tøft å få jobb i helikopterbransjen. Det er fantastisk vakkert her i Nordfjord. Eg kunne tenkt med ein fast jobb her, sa den tidlegare brannmannen frå Göteborg på ein flott sommardag.

Fjord Helikopter AS hadde i 2015 omsetning på 18,5 mill. kroner og Fonnafly AS 78 mill. kroner. Dei har 14 helikopter til disposisjon og 38 tilsette.