Volda kommunestyre sa i dag ja til intensjonsavtalen mellom Volda, Hornindal og Stryn. Dette skjedde med 19 mot 7 røyster, og framlegget vart reist av Magnar Sunde (Ap).

Vedtaket lyder slik:

1. Volda kommunestyre vedtek intensjonsavtalen med Hornindal og Stryn kommune, datert 11. april 2016. Kommunestyret finn at avtalen også kan leggast til grunn dersom vidare prosess medfører at Volda og Hornindal kan verte eit sjølvstendig alternativ.

2. Kommunestyret vedtek at det før vedtak i juni om kommunesamanslåing skal gjennomførast ei lokal innbyggjarundersøking der Volda, Hornindal og Stryn er invitert til å delta. Dette for å kartlegge innbyggjarane sitt syn på aktuelle alternativ og som eit supplement til intensjonsavtalane og folkerøystinga om samanslåing mellom Volda og Ørsta kommune. Finansiering av undersøkinga er tildelte midlar frå Fylkesmannen tiltenkt arbeidet med kommunereforma.

I tillegg vart eit framlegg frå Gunnar Strøm (SV) vedteke med 20 mot 6 røyster. Dette går på at Volda kommune ber om forlenging av fristen for endeleg vedtak i kommunestyret om samanslåing.

Heile intensjonsavtala såg ei stund ut til å henge i ein tynn tråd då representanten Odd Arne Folkestad (Frp) tok til orde for at saka ikkje måtte realitetshandsamast, men berre måtte sjåast på som orienteringssak. Saka hadde ikkje vore behandla i formannskapet eller diskutert i kommunestyret og rådmannen hadde ikkje kome med innstilling, sa Folkestad mellom anna som meinte at saka var i strid med delegasjonsreglementet om at saker skulle vere førebudde for vedtak.

Rådmannen sa at det var muleg å behandle saka teknisk sett om kommunestyret ville, og ordføraren hevda saka var grundig førebudd. Dermed vart det handsaming.

Dermed ser det ut til at stryningane får tre alternativ å røyste over 13. juni. Enten Stryn som eiga kommune, Stryn og Hornindal i lag eller Stryn, Hornindal og Volda i lag.