Kari Nornes Svarstad har opna ny moderne og spennande interiørbutikk for små og store i Myrane i Stryn sentrum. Voma er namnet på butikken med eit stort antal produktmerke i hyllene, vesentleg av norsk og dansk design.

Breitt spekter

- Her skulle vere noko for alle rom i heimen, seier Kari frå Bergen og viser oss rundt blant produkta i trendy fargar. Her er det meste av bruksting og pynteting, ikkje minst til kjøkenet. Mangt og mykje er retta mot borna. Det vere seg leikar og praktiske bruksting, slik som uknuseleg melaminservice, berre for å nemne noko.

Onsdag var det offisiell opning med pomp og prakt og mange besøkande.

Kari Nornes Svarstad er opphaveleg økonom frå BI og har flytta til Stryn saman med ektemannen Isak Svarstad og den tre år gamle jenta deira, Lotte. Begge er no i full jobb. Isak arbeider innan logistikk i Miljøservice.

- Spent på Stryn

- Korleis var det å flytte til Isak si heimbygd for ei jente frå Bergen?

- Utruleg spennande. Vi sa opp jobbane og selde huset vårt i Bergen. Eg håpar Stryn er det rette. Her er alt lett tilgjengeleg med skule, barnehage og aktivitetstilbod. Dei lange trafikkøane blir det godt å kome vekk frå, seier Kari. Ho legg til at det er godt å ha Marthe Holien Bø på laget om lengten til Vestlandet sin hovudstad skulle bli for sterk.

- Ein jentedraum

Kari har tidlegare jobba med økonomi og inkasso i blant anna i Lindorff og som teamleiar i Kredinor. Ho har også drifta ein Kitch' n-butikk på franchise-basis.

- Korleis kom du på å opne interiørbutikk?

- Det har vore ein jentedraum som eg har hatt lyst til å følgje opp. Eg har alltid elska interiør. No har eg brukt nokre månader på overbevise meg sjølv på å prøve. No får vi sjå korleis det går.