På oppdrag for Kunnskapsdepartementet har Statistisk sentralbyrå (SSB) undersøkt kor mykje den einskilde skule bidreg til det elevane lærer i lesing, engelsk og rekning. Ut frå dette kjem ein fram til ein skulebidragsindikator. Rapporten viser at Hornindal er ein av skulane som kjem best ut her.

Foreldrebakgrunn spelar inn

Undersøkinga tek omsyn til familiebakgrunn og tidlegare skuleresultat. Det som blir målt, er resultata på nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk på 5. og 8. trinn og eksamen på 10. trinn, kontrollert for elevane sin bakgrunn.

Skulebidragsindikatoren kan tolkast som resultatet ein skule ville fått dersom elevgrunnlaget var gjennomsnittleg.

Med familiebakgrunn meiner SSB sosio-økonomiske kjenneteikn ved elevane, som foreldra sitt utdanningsnivå, familien si inntekt og innvandringsbakgrunn. Nokre skular har mange elevar med høgt utdanna foreldre, medan andre skular har mange elevar med lavt utdanna foreldre eller mange elevar med innvandrarbakgrunn.

– Har jobba målretta

Kvar du bur og kva skule du går på har mykje å seie for kor mykje du lærer på skulen. Rapporten viser at dei dårlegaste skulane her i landet gir elevane eit til to år mindre læring enn dei beste.

– Hornindal skule har jobba hardt og målretta dei siste åra for å utvikle skulen og auke kvaliteten på undervisninga. Vi har vore med på to store prosjekt, Læringsmiljøprosjektet og Ungdomstrinn i utvikling, som har vore til stor nytte i dette arbeidet. I tillegg har vi kvart år hatt lærarar som tek vidareutdanning i ulike fag, seier rektor ved skulen, Gro Mikalsen Hundeide.

Nest best

Resultata gjeld for skuleåret 2014/15 og viser såleis ikkje kva skular og kommune som gjer det best over tid.

Skulane er gitt poeng på ein skala frå 1-6. I overkant halvparten plasserer seg på landssnittet som ligg på 3,5, medan omlag 20 prosent plasserer seg over snittet, og resten under.

Med 3,8 poeng kjem Hornindal ut som ein av skulane med nest-best skulebidragsindikator på barnetrinnet. Best er Dovre og Åseral med 3,9. Også Førde har 3,8.

Også på ungdomstrinnet får Hornindal 3,8, medan Øyer og Grong er dei einaste med 3,9.På mellomtrinnet kjem Hornindal litt svakare ut, der er skulebidragsindikatoren på 3,3. Til samanlikning scorar Stryn 3,3 på barnetrinnet og 3,4 på ungdomstrinnet. Dei er derimot sterkare på mellomtrinnet, der poengscoren er 3,5.