Det byrja i 1987. John Olav og Turid, han frå Eid og ho frå Måløy, var på veg til Oslo på skule. Far til John Olav, Aslak «Lakken» Lefdal, fekk tilbod om agentur for Ringnes i Sogn og Fjordane. På grunn av helsa ville han ikkje gjere dette åleine, så han spurde om sonen ville vere med. Den korte versjonen av historia er at faren vart sjuk og John Olav sette huset i pant og starta åleine. Faren kom på bana etter eit par år, og seinare skilde dei lag og John Olav heldt fram med selskapet som no heitte Nor Drikk. I dag har selskapet Ringnes-agenturet i to fylke. I Olden etablerte faren Nordfjord Serviceterminal. Denne tok John Olav også over, då faren gav seg etter 25 år. John Olav og Turid er busette i Stryn, og eig og driv i tillegg Bryggen Hotel på Nordfjordeid, Dreamline Yachts og Nor Marine.

– Det er mange selskap å vere leiar for, og mykje jobb?– Ja, det er det. Og så er eg oppvaskhjelp!

Står i skrubben

John Olav Lefdal ler høgt av eigen spøk – som viser seg å ikkje vere nokon spøk.

– Vi er familien Lefdal, du veit … Altså, då Adrian, sonen vår, kjøpte Stryn Kaffebar & Vertshus. Då flytta også døtrene våre, Martine og Miriam, heim til Stryn og tok seg fri eitt år for å jobbe på vertshuset. Kona mi, Turid, jobba også her. Og eg, eg har blitt oppvaskhjelp. Då eg såg kor alle sprang og jobba, så hadde eg då ikkje hjarte til å berre sitje der og ta opp stolplass på laurdagen. Så eg står i skrubben. Og det er kjekt! seier John Olav Lefdal, og ser ut som han meiner det.

I oppvasken på vertshuset: – Eg har ikkje hjarte til å berre sitje der når eg ser kor alle spring, seier John Olav. Foto: Privat

Frå Hankø til Monaco

Grunnstammen i det lefdalske imperiet er NorDrikk. Men lidenskapen, det er båtverksemda. Dreamline Yachts. Dei har kontor og båtplassar på Tjuvholmen i Oslo, og reiser rundt og viser båtar frå Hankø og Hvaler til Monaco og Cannes.

Han snakkar fort og mykje om han får lov. Nemn ordet «båt», og vi er i gang. Berre avbrotne om telefonen ringjer. Og det gjer han: Ein fransk kaptein skal diskutere vinterlager. Ein norsk båteigar lurer på kva han skal gjere når det ikkje kjem varmtvatn i dusjen. Ein båtkunde frå Finland ringjer, han vil kjøpe ein båt til sonen sin. Ein 40-fotar.

Den største nokon sinne

– Du, når du sel ein båt til Finland for fem år sidan, og kunden ringjer opp att og vil ha ein båt til sonen sin også?! Altså, det er tusen båtseljarar i Finland! seier John Olav Lefdal begeistra, og ordstraumen flyt vidare. I lufta svirrar ord som Mochi og Riva, omkransa av superlativ i ulike styrkegrader.

– Det er ikkje småbåtar vi snakkar om her?– Nei, det er det ikkje. Dei som har høve til å kjøpe ein slik båt her kan du telje på éi hand, seier han, og er på ein blunk over på temaet Mochi 54 Fly. 58 fot med eiga badeplattform. Eit båtmagasin følgde med og filma ferda frå Nordfjordeid rundt norskekysten til Sandefjord og vidare med kran og trailer til båtmessa. Filmen vart vist på messa. Båtens Verden hadde seks sider om det heile under tittelen «Sirkus Lefdal».- Det er den største båten som har vore inne på Sjøen for alle-messa nokon sinne! seier John Olav Lefdal oppglødd, før han mumlande legg til: – Og det skjer ikkje om igjen heller!

Båt har blitt ein livsstil, både som jobb og fritidssyssel. Her stuper John Olav i fjorden under fjorårets Malakoffestival. Foto: Privat

Venn med alle kundar

No har han snakka seg engasjert inn i kjernen av livet som båtforhandlar:

– Du må bry deg, verkeleg bry deg, om kunden. Vi skurar og mekkar og klargjer, vi står på pletten for å hjelpe om det er noko. Og du må kunne hjelpe. Når dei ringjer og ismaskina ikkje verkar, dei ikkje får på straumen eller når toalettet er tett fordi døtrene til eigaren har vore om bord og kasta ting i toalettet som ikkje … Altså, du må vere leverandør og venn, du må rydde opp når det skjer noko. Vere den dei kan stole på, seier John Olav bestemt.– Men kremmar og kamerat, det er ein balansegang?– Eg har som mål å vere venn med alle mine kundar. Du kan ikkje verte uvenn med ein kunde. Då er han ikkje kunde med deg lenger.– Hjelpsam og serviceinnstilt, men ikkje dumsnill? Vi snakkar business her?– Sjølvsagt må det vere økonomi også. Ein må tene bittelitegrann, for å seie det sånn. Men du kan ikkje vere for grådig. Då sel du ikkje. Så vi har ikkje blitt rike på å selje båt. – Men går i pluss?– Ja, vi går i pluss. Men ikkje kvart år!

- Kvafor ei Adele?

Då verdsstjerna Adele var i Oslo for å halde konsert, var det mykje ståhei omkring at ho hadde vore på båttur på Oslofjorden. John Olav Lefdal låg i Tønsberg på båtmesse.

– Men då sjefen på The Thief ringde og sa at Adele hadde lyst på ein båttur, tok vi Mochi’en og kasta loss og drog til Oslo, seier John Olav. Det vil seie: Eigentleg var det ikkje heilt slik. John Olav Lefdal hadde ingen idé om kven denne verdsstjerna, kjend for mellom anna Skyfall (James Bond-tittelmelodi), var. – Kvafor ei Adele, sa eg! ler han. – Eg føl ikkje med på sånt, veit du. Men eg har jo høyrt musikken hennar, altså. Sjølvsagt. Fantastisk musikk…. Eigentleg var det hysj-hysj. Artisten hadde med sonen sin, som ville fiske, og det føregjekk i all hemmelegheit.– Det har vi vore med på før, så det er greitt, seier John Olav Lefdal. Men det vart litt annleis denne gongen, for Adele inviterte på konsert og takka familien frå scena. Dermed var det i media på eit blunk. Fisk hadde dei fått også.

Drøymer om eit samla Nordfjord

Eitt av dei nye investeringsobjekta for John Olav Lefdal er sea walk på Nordfjordeid.

Og det stoppar ikkje der:

– Eg trur vi bør ha endå ei cruisekai i Nordfjord om ein 10 års tid, i Loen eller på Sandane. Dette er med på auke trafikken i heile Nordfjord, seier han.– Men Olden har cruisekai?– Ja, og det trengst fleire! Eg ønskjer ingen krig mellom Olden og Eid. Det er tre cruisekaier i Sogn. Nord for oss er det kai på Hellesylt og sea walk i Geiranger, det er tre-fire kaiplassar i Ålesund. Det trengst fleire i Nordfjord òg. Når ein stor båt vil ha kaiplass og det ikkje er ledig, så går han vidare, seier John Olav Lefdal, som lener seg over bordet og veivar engasjert med handa medan han held fram: – Ein av dei viktigaste destinasjonane for cruiseturistane i framtida blir Hoven. Briksdalsbreen blir nummer 1, Hoven nummer 2. Det blir ein fantastisk destinasjon, utruleg viktig for cruisetrafikken på Olden, Geiranger og Eid. Og dess lenger busstur, dess meir er dei villige til å bruke av pengar på servering og sånt, hugs det! Målet må vere å doble kaiplassane også i Nordfjord, seier John Olav Lefdal. – Er det eidaren i deg som snakkar no?– Eg er fødd og oppvaksen på Eid, er halvt måløyvering og er busett i Stryn. Eg tenkjer heile Nordfjord. Mitt største ønskje er at vi hadde fått ein Nordfjord kommune. Ein slagkraftig region med alt. Kvar ordførarkontoret ligg, spelar inga rolle!