Dette syner fersk statistikk frå Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).

Med totalt 655 registrerte traktorar frå John Deere vart Felleskjøpet nummer éin i marknaden også i 2023. John Deere held på posisjonen som traktorføraranes førsteval. Merket aukar marknadsdelen (23,2 prosent) fråp 2022, og er dermed det mest populære merket for tredje året på rad.

Bonden er kjernekunden til Felleskjøpet, som samstundes fortset satsinga inn mot anleggs- og entreprenørmarkedet.

Dei siste par åra har spesielt den nye 6R-serien hatt stor etterspurnad etter at den vart verdslansert på norske Agroteknikk vinteren 2021. I Norge har også modellen 6120M vore populær. Denne modellen, også omtala som Norgestraktoren, vart utnemnt til beste fleirbrukstraktor under den den internasjonale kåringa Tractor of the Year 2022.

Den mest registrerte John Deere-modellen i Norge i 2023 er 6R 185 med 147 registreringar. Deretter følgjer Norgestraktoren 6120M med 143 registreringar og 6R 150, som fekk 140 registreringar.

Til saman vart det registrert 2.619 traktorar i Norge i 2023. Dette er ein nedgang på nesten åtte prosent frå året før. For John Deere er nedgangen under éin prosent.

(Pressemelding)

Denne saka stod først på trykk i Fjuken.