– Det er umogleg å spå kor mange som vil stille ut bilane sine etter tre år utan festival, men eg veit det er stor interesse og mobilisering i miljøet for å bli med i år. Eg tippar at det bli utstilt mellom 50 og 100 gatebilar i år, seier leiar av arrangementet, Paul Øyvind Glosvik.

Gatebilar på rekkje å rad. Den meritterte gatebilstjerna Rolf Klypen er venta i år. Foto: Gunnhild Sindre

– Som tidlegare år premierer vi dei beste bilane i tre kategoriar: Beste originale gatebil, beste Custom gatebil og show. Vi premierer berre bilar som er registrerte, opplyser Glosvik som vil oppmode alle med gatebil om å kome til Stryn.

– Så er det svært gledeleg at Rolf Klypen vil stille ut bilen sin her. Klypen er ei høgt merittert stjerne i gatebilmiljøet, så det er stor stas å få han til Stryn, seier Glosvik.

Anslår over 200 amerikanske bilar på utstillinga

Gatebil-utstillinga går bokstaveleg tala parallelt med amcar-utstillinga i Perhusvegen der amcar og gatebil har kvar si side av vegen.

– Vask gliset og kom til Stryn, oppmodar presidenten i Amcar-klubben i Stryn, Einar Terje Rake Foto: Roger Oldeide

Presidenten i Amcar-klubben i Stryn, Einar Terje Rake, er veldig glad for å endeleg kunne invitere til Amcar-treff i Stryn laurdag.

– Det er tre år sidan førre treff så vi er litt spente på interessa. Sjølv om bensinprisane er ganske heftige så håpar vi at amcar-folket vaskar bilane sine og tek turen til Stryn. Eg kan ikkje spå, men vi anslår over 200 amerikanske bilar til utstillinga i år, seier Rake.

Tre år sidan sist: Amcar-parade blir det også i år. Foto: Sigrid Heggestad

Han legg til at det er gratis å stille ut bilen.