Tivoliet frå Levanger i Trøndelag er ikkje berre det største i Norge, det er også verdas nordlegaste.

I godt over 30 år har tivoliet gleda strynepublikummet, og 2023-utgåva av Strynemessa er ikkje noko unntak.

– Vi er klare til å kome til Stryn, vi gler oss til å kome, forsikrar Lisbeth Haga i Hugos Tivoli.

Avsluttar i Stryn

Haga fortel at dei er inne i avslutninga på sesongen, og før turen går til Stryn så har tivoliet vore innom både Kristiansund, Romsdalsmartnan på Åndalsnes og Ottamartnan.

Sikker vinnar: Radiobilane er ein sikker vinnar hos Hugos Tivoli. Foto: Thomas Thaule

– Vi har i det heile ein fin avslutning på sesongen, seier Haga.

Hugos Tivoli kjem til Stryn med alt det ein kan rekne med å finne på eit tivoli. Her er sjølvsagt karusellar for store og små, radiobilar og loddboder der ein kan vinne sjokoladar og bamsar.

– I år kjem vi også med to nye karusellar for barn, dei har vore veldig populære i sommar. Ein av karusellane er «Elefantkarusellen», seier Haga.

No håpar ho at stryningar og tilreisande nyttar seg av tilboda ved tivoliet.

– Lokalsamfunnet bør tenke på at det nesten ikkje har vore eit fullskala tivoli på Vestlandet i år. Så vi håpar at folk kjenner si besøkelsestid og kjem innom oss, avsluttar Lisbeth Haga.

Karusell: Denne karusellen er det mange som tek i løpet av messehelga. Foto: Thomas Thaule

Fakta

– Hugos Tivoli har røter tilbake til 1936 då Henry Johansen fann ut at han ville starte tivoli.

– I den første tida heldt tivoliet seg på mindre marknader i Trøndelag og i Nordland, og i nokre år var tivoliet fast stasjonert i Mosjøen under namnet «Den kulørte by».

– Hugos Tivoli er ei familiebedrift frå Levanger, og vert i dag drive av tredje generasjon.

– Sonen Hugo tok over styringa etter faren Henry, og tivoliet fekk namnet Hugos Tivoli slik vi kjenner det i dag.

– I 2017 tok dottera Ida Johansen over den daglege drifta.

Kveld over Hugos Tivoli. Foto: Thomas Thaule