– Endeleg er det Strynemessa igjen. Høgdepunktet er at vi greier å få det varierte messeprogrammet vi tilbyr, der det er noko for alle gjennom heile messa. Messa har utfordringa at vi ikkje er eit nisjearrangement, men skal ha noko for alle. Historia seier at vi arrangerer handelsdagar for småhandel. Så er messa utvikla til å innehalde større handel, med kapitalvarer heilt opp til traktornivå og hus, seier messegeneral Jørn Sønsterudbråten.

Tre generasjonar Hugos Tivoli

Han seier at arrangøren er veldig stolte, glade og audmjuke over at det berre er Stryn som har fullskala tivoli på Nordvestlandet.

 – Ingen andre stader i nærleiken har slikt tilbod. Då er det vi skapar ei oppleving i seg sjølv. Så samarbeidet vi har hatt og har med Hugos Tivoli er ein veldig viktig del av messa. Samarbeidet med Hugos skriv seg over 40 år tilbake i tid og over tre generasjonar i tivoliet.

Når det gjeld utstillarar, er det ein god miks av alt mogleg. Det er veldig viktig. Ikkje for mykje av kvar varegruppe, men noko for kvar aldersgruppe, meiner han.

Paw Patrol og Trang Fødsel

Dette gjeld og for underhaldningsdelen av messa.

Fredag spelar Steinar Engelbrektson på seniortreffet, og seinare på kvelden blir det ungdomskonsert med artisten Rambow. Laurdag kjem dei populære serieheltane i Paw Patrol. Vi har noko for ein kvar smak og alle aldrar. Søndag blir det konsert med Trang Fødsel.

 – Eg trur ikkje gruppa «Trang Fødsel» har vore i Stryn nokon gong før. Her ser eg fram til god stemning med kjente og kjære hits og god allsongfaktor. «Trang Fødsel» er kjent blant anna for låtane «Drømmedame», «Kursiv» og «Fredag».

– Viktig møteplass

– Det er utruleg kjekt og moro at Stryn Røde Kors Hjelpekors, med ny leiar i spissen, gjer ein kjempejobb. Det er framleis Fagre Stryn Aktivitetsselskap og Stryn Røde Kors Hjelpekors som er arrangørar. Men med mange andre på aktivitetslistene for å få det til å gå rundt, seier han.

Strynemessa blir verdsett av mange, både dei som driv ulik næringsverksemd og sjølvsagt publikum frå eit stort omland. Dette er ein møteplass for den gode praten, den gode handelen og dei kjekke opplevingane!