Første gongs utlegging av kommunedelplan Langeset–Stryn–Storesunde førte til 100 innspel. Plansjef Geirmund Dvergsdal er ikkje overraska over det store engasjementet.

– Med tanke på at dette er ein omfattande plan med mange store tema, forventa vi at det ville kome inn mange merknader, seier Geirmund Dvergsdal til Fjordingen.

– Kva skjer no vidare med planarbeidet?

– Vi er allereie i gang med å gå igjennom dei innkomne innspela. Når desse er handsama og vurderte, blir planforslaget lagt ut til andre gongs høyring.

– Når kan det skje?

– Det er vanskeleg å seie eit eksakt tidspunkt. Mange av innspela er enkle å ta omsyn til, medan andre krev grundigare vurdering før vi gjer eventuelle endringar.

– Kva er mest omstridt i framlegget til kommunedelplan Langeset – Stryn – Storesunde.

– Det er forslaga til næringsareal på Langeset og Vikaleirane. Her har vi fått store og tunge innspel.

– Er det rett at fylkesmannen har varsla motsegn når det gjeld forslaget til fylling av resterande sjøareal i Vikabukta?

– Nei, det ligg ikkje føre motsegn. Men fylkesmannen har kome med kritiske merknader til forslaget om utvide næringsarealet på Vikaleirane. Det same gjeld bruk av dyrka mark og utfylling i Nerfloen ved bygging av gang- og sykkelveg frå Rise til Storesunde. Noko som betyr at vi må gjere visse endringar i traséen.

– Kan du gje signal på andre endringar som blir gjort i forhold til innkomne merknader?

– Nei, det må vi vente med til alle innspela er handsama. Då vil ein få sjå kva som blir føreslege av endringar.

– Kva med forslaga til nye bustadfelt i Stryn sentrum?

– Her ser det ikkje ut til å vere større merknader til forslaget om å ta i bruk område i Tonningskamben og i Bø.

– Korleis vurderer du inn-spela som går på eventuell opning av fjerde armen i rundkøyringa ved Visnes bru?

– Her har merknadane gått både for og imot. På same måte som dei andre innspela, vil det bli gjort ei grundig vurdering før planforslaget vert lagt ut til andre gongs offentleg ettersyn i seks veker. Deretter blir det politisk handsaming som endar med at kommunestyret fattar vedtak, sluttar Geirmund Dvergsdal, plansjef i Stryn kommune.