Førehandsrøystinga om kommunereforma er i gang på servicekontoret i Stryn kommune, og slik blir det både onsdag, torsdag og fredag fram til den store røystedagen komande måndag 13. juni.

I dag føremiddag rigga Anna Bringsvor Egedahl opp stemmeavlukke i vestibylen, og ikkje lenge etter putta ordførar Sven Flo sin stemmesetel i urna.

- Det er viktig at alle som kan nyttar stemmeretten sin måndag på kva for vegval Stryn skal ta. Dette for å få ei best muleg politisk avgjerd i saka. La det vere sagt med ein gong. Vi har hatt ein ryddig prosess. Den rådgjevande folkerøystinga er avgjerande for kva vi politikarar bestemmer oss for slik eg ser det. Ja, eg ville seie det så sterkt som at det må vere dødt løp om vi skal gripe inn i den avgjerda, seier Flo.

Flo understrekar at Stryn kommune har strekt seg langt denne veka for å leggje til rette for "desentralisert folkerøysting". Dette utdjupar Anna Bringsvor:

- Måndag hadde vi førehandsrøysting på Stryn vidaregåande skule, Olden skule og Oldedalen skule , og tysdag vart dette fylgd opp på Vikane omsorgsenter og Vikane barnehage, avdeling Utvik. Onsdag føremiddag var det røysting på Stryn ungdomskule.

- Vi har hatt informasjon på desse skulane, og oppslutninga har vore bra. Dei som er fødde i 2000 blir dei yngste som får vere med å bestemme Stryn si avgjerd om kommunereforma, seier Anna Bringsvor Egedahl.