- Folk i distriktet blir stadig oppringt av "Microsoft Corporation", der ein person tilbyr hjelp med å ordne PCen. Dette er rein svindel. Microsoft vil aldri opptre på denne måten, seier lensmann Lasse Trosdahl til Fjordingen.

- Dette svindelforsøket er ikkje av ny dato?

- Nei, men politiet får melding om at det framleis pågår. Difor gjentek vi oppmodinga om at folk legg på så snart dei får slike oppringingar. Dei som ringjer og utgjev seg for å vere frå "Microsoft  Corporation" er svindlarar som vonar å få tilgang til datamaskina di. Det einaste rette er å avvise slike samtalar, seier lensmann Lasse Trosdahl.