- Vi har fått ein god start på sesongen. Laurdag  hadde Loen Active mellom 80 og 90 gjestar i Via Ferrata, opplyser Erik Rune Brendefur til Fjordingen.

Loen sin spektakulære klatrestig vart bygd i 2011. Første året gjekk 285 personar guida tur til toppen av fjellet Hoven.  I 2013 då tilbodet blei utvida med Gjlømunnebrua, auka talet til 670. 2014 gav tredobling - før det tok heilt av i 2015.

- I fjor var det mellom 6.000 og 7.000 som gjekk Via Ferrata. Av dei 3.300 med våre guidar. Loen Active hadde også utleige av utstyr til ytterlegare 1.800, fortel Erik Rune Brendefur.

- Korleis er utsiktene for årets sesong?

- Vi har fått ein god start. Bestillingane lovar godt for at det skal bli ein ny, god sesong.

- Mange som bestiller lang tid i førevegen?

- Ja, det er svært vanleg at ein bestiller i god tid. Vi har t.d. folk i Australia som i vinter tinga tur for september. Men det er naturlegvis også mange som bestiller like før dei skal gå Via Ferrata.

- Veret spelar vel stor rolle?

- Nei, veret ser ut til å bety mindre ennd et ein skulle tru. Når folk først har bestemt seg for å gå Via Ferrata, er det få som trekkjer segp å grunn av veret.

- Korleis er situasjonen når det gjeld tilgang på guidar?

- Sist helg hadde vi kurs for 20 nye guidar. Totalt har Loen Active  mellom 50 og 70 tilgjengelege guidar. Fleire av dei er idrettsstudentar som har sommarjobb i Via Ferrata, opplyser Egil Rune Brendefur.

Neste år på desse tider viil Loen Active sitt tilbod bli endå meir attraktivt.

- Då kan folk gå Via Ferrata til toppen av Hoven, nyte mat og rikke i den kjempeflotte restauranten og ta pendelbana ned att som alternativ til å gå/sykle attende via Oppheim. Dette er noko å sjå fram til, , seier Loen Active sin daglege leiar, Erik Rune Brendefur.