Fredag skulle VM ha starta for Anders Fannemel med kvalifisering til laurdagens hopprenn i liten bakke. Det blir det ikkje noko av, då Fannemel er vraka frå det norske laget.

Til NRK torsdag uttalte Fannemel at han er forbanna på seg sjølv for at han ikkje har fått det til i VM-bakken i Lahti så langt.

Dermed blir det Daniel Andre Tande, Robert Johansson, Andreas Stjernen og Johan Andre Forfang som utgjer det norske laget.