Dei fleste pyntar seg for å feire nasjonaldagen. Men sjå nøye på bildet av dei flotte damene over: Bildet er teke 1.542 m.o.h.!

Fjellet er Skårasalen, ein av toppane i Sunnmørsalpane, og det var Tindekvindene som tok feiringa av nasjonaldagen litt på forskot i går.

foto

Under Stryn Rando 3000 møtte Tindekvindene ei gruppe lokale, fjellglade damer frå Stryn, Stryn Fjellfin. Sidan har damene hatt fleire turar saman. - Kvivsvegen har opna opp for at fleire blir med og går i vakre Sunnmørsalpane, mitt paradis, seier Hildegunn Standal Dragsund, busett i Loen.