Utvik Tistam Bestandsplanområde som strekkjer seg frå Heggdal i aust til Moldrheim i vest, ber Statens vegvesen ta omsyn til hjortetrekk når dei planlegg E39 i Innvik og Utvik.

- Ved siste vårtelling talde vi heie 105 dyr som er direkte i nedslagsfeltet for E39 (Heggdal og austre del av Utvik). Dette talet er det største vi har talt sidan starten med teljing for 10-15 år sidan. På bakgrunn av hjortemerking gjenomført på 1990-talet,  veit vi at to av trekkvegane går frå Tistam til Olden og frå Tistam til Stardalen.  Vi vil be om at planlegging av E39 tek omsyn til dette og at ein plalegg slik at hjorten sine trekkruter i størst muleg grad vert tekne omsyn til, samt at hjortegjerde blir etablert for å unngå påkøyrslar, skriv Ola Steinar Hestenes, leiar i Utvik Tistam Bestandsplanområde.