– No er det nesten like mange som vil kjøpe ein brukt elbil som dei som oppgir at dei skal kjøpe ein brukt bensin- eller dieselbil, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF, i ei pressemelding.

Elbil betyr ikkje lenger at du må kjøpe deg ein flunkande ny bil. Bruktmarknaden for elbilar veks nær sagt for kvar dag som går. I undersøkinga som Norstat har gjennomført for NAF, svarer 18 prosent at dei vil kjøpe ein brukt elbil neste gong. Tilsvarande tal for ein brukt bensin- eller dieselbil er 22 prosent.

– Det aukar på med elbilar på bruktmarknaden og dei er i ferd med å ta over som den dominerande preferansen for bruktbilkjøparar òg, seier Sødal.

Blant dei som oppgir at dei skal kjøpe heilt ny bil dominerer som forventa elbil, medan svært få oppgir at dei skal kjøpe ein ny hybrid, bensin- eller dieselbil. Medan 26 prosent vil ha ny elbil, er det berre 5 prosent som vil velje ny diesel- eller bensinbil.

(©NPK)