11 elevar ved Olden skule har retta ein klage til rådmann og ordførar vedrørande problema med nettet på skulen. Ein av elevane skriv at dersom dette ikkje snart vert fiksa, "får dei ikkje bra nok utdanning".

Av problema som vert skissert opp, er vanskane og tida som går med til å kome inn på internett. Innlogginga er tidkrevande, og internett kan også forsvinne når elevane arbeider med ulike prosjekt.

Andre skriv at dei ofte berre kjem inn på midlertidige brukarar. Problemet då blir lagring av dokument og vanskar med å få opp det som er lagra før.

- Vi håpar dykk kan finne ei løysing på problem som vi no har hatt i fleire år, skriv nokre av elevane.