Johannes Thingnes Bø held fram med å imponere i sporet. Under dagens skiskyttarsprint i Anterselva kunne ingen matche stryningen sin langrennsfart, og med berre ein bom heldt det til hans sjuande siger denne sesongen. Thingnes Bø har hatt best langrennstid på samtlege sprintar så langt i vinter.

Andremann i fredagens sprint, Martin Fourcade, vart slegen med 12,8 sekund, trass fullt hus. I langrennstid var han 36 sekund bak løparen frå Markane IL.

- Eg må ha hatt fantastiske ski, for det var så lett å gå ut i der, sa ein godt nøgd vinnar til NRK etter løpet.

Storebror Tarjei Bø bomma tre gongar og kom i mål to minutt bak Johannes. Han plasserte seg med det eit godt stykke ned på lista.

Laurdag er det jaktstart, og søndag fellesstart. Dette er siste konkurransane før løparane møtes til dyst i OL.