Stryn sitt damelag i 2. divisjon handball kunne notere seg for sesongens første siger då dei slo runar 22-19 i Strynehallen i ettermiddag. Toppscorar vart Ana Patricia Correia med 10 mål. Ingrid Guddal var tilbake etter skade og kunne notere seg for 6 nettkjenningar.

Stryn tok leiinga tidleg og var ein periode oppe i ei femmålsleiing, men Runar beit seg fast og følgde heimelaget slik at det vart spenning heilt fram til sluttminutta.

Sjå bilde frå kampen her.