Elias Lødemel (16) frå likevel oppfylt draumen om å gå på ToppVolley Norge i Sauda.

Volleyballspelaren fekk i utgangspunktet nei frå Opplæringsutvalet då han ønskte å gå som gjesteelev på ToppVolley Norge i Sauda. Argumentet for avslaget var at det finst eit tilsvarande tilbod her i fylket, ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Dette var ikkje noko alternativ, meinte foreldra og Elias sjølv.

– Det er ikkje eit alternativ for Elias, sa mor Anne Elin Ekornesvåg til Fjordingen, og viste til at både det idrettslege tilbodet er dårlegare og at hybellivet er noko dei vil unngå.

– På ToppVolley får ein internatskule. Det er trygt og ein blir teken vare på. Her får ein eit kosthald tilpassa treninga, blir teken vare på ved sjukdom og hjelp med praktiske ting. Sluntrar dei unna skulearbeid, så blir det treningsnekt, sa Anne Elin Ekornesvåg.

– Vi snakkar om landet sin beste 16-åring. Det har vi svart på kvitt frå NM for regionlag, der Elias vart kåra til turneringa sin mest verdifulle spelar, sa volleyballtrenar Nils Paul Haugen då Fjordingen skreiv om saka.

Landets beste: Elias Lødemel vart kåra til den beste, eller mest verdifulle, spelaren under NM for regionlag tidlegare i år. Der vart det også gull på laget frå Møre og Romsdal i 16-årsklassa.

I kveld behandla fylkesutvalet anken til Elias, og med eit fleirtal på 5 mot 4 vedtok dei å ta anken til følgje. Ap, H og V utgjorde fleirtalet, medan Sp og KrF utgjorde mindretalet. Sogn og Fjordane stiller dermed likevel gjesteelevgaranti slik at Elias får gutedraumen oppfylt.

- Elias er utruleg glad og letta no. Det hjelper å stå på for noko ein synest er urettferdig, seier Anne Elin Ekornesvåg til Fjordingen.

Dilemma

Bjørn Hollevik (H) var ein av medlemmane i fylkesutvalet som stemte for at Elias sin anke skulle verte teken til følge.

- Det var tre klager på gjesteelevgaranti oppe i dag. Elias Lødemel var den som kom igjennom med positivt resultat, seier han til Fjordingen.

- I Høgre vi ønskjer fritt skuleval, det står i partiprogrammet og var greitt å ha i botnen for min del når dette skulle handsamast. Samstundes må vi forhalde oss lojale til det vi i fylkestinget har sagt når det gjeld gjesteelevgaranti. Der har vi mellom anna sagt at det skal vere ein grunn for at ein skal gje dette, seier Hollevi.k.

- Ein slik grunn kan vere høgt nivå. Og i denne søknaden var det dokumentasjon som har vist med all tydelegheit at Elias har dette. Dilemmaet er at idretten og Sogn og Fjordane fylkeskommune har oppretta eit samarbeid med tanke på spissing av idrett på tre felt, og volleyball er eitt av dei. Dette er knytt til Hafstad vidaregåande skule i Førde, og då var det eit spørsmål om dette ikkje kunne vere høvande til ein ungdom på 16. Konklusjonen  vart at det er eit godt og høgt nivå på det ein kan kalle vaksenidretten, medan tilbodet i Sauda har mykje meir trening i skuletida og dermed høve til utvikling. Når Elias i tillegg ligg på det høge nivået han gjer, vart dette avgjerande for at eg ga mi stemme, saman med fire andre, til at Elias sin anke gjekk igjennom. Dei andre fekk avslag.