Formannskapet i Stryn har gjeve grønt lys for leigeavtale mellom Stryn kommune og Stryn Kaffebar & Vertshus når det gjeld bruk av kommunalt areal for uteservering mellom vertshuset og miljøgata.

Arealet er delvis avgrensa av mur mot fortau og miljøgata. Arealet er på omlag 125 kvadratmeter, og verksemda skal nytte dette til uteservering. Leigeavtalen er for fem år med høve til oppseiing om det melder seg andre arealspørsmål i avtaleperioden. Arealet er i dag delvis nytta til bed.

I formannskapet vart det frå fleire hald poengtert at der måtte vere tilgang for køyrety til Per Bolstad plass.

- Her er mykje gåande trafikk og einaste plass der ein kjem til med køyrety til plassen. Elles ser eg klart ønskjet frå søkjar. Tiltaket vil vere positivt for sentrumsbildet med fin uteservering, sa rådmannen.

Per Kjøllesdal (Sp), Torstein Tvinnereim (V) og Aud Løvlid (H) poengterte alle at dersom her vart hindringar for innkøyring, måtte desse kunne fjernast kvar gong det var aktuelt å køyre inn på plassen. Sikring av tilkomsten til Per Bolstad Plass vart lagt inn i godkjenning av leigeavtalen.