I eit brev til nokre av bebuarane på Langeset skriv plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal at Stryn kommune vil avdekke støy frå næringsområde på Langeset i Stryn.

Av postlistene går det fram at bebuarar i området har korrespondert med kommunen om støyplagar frå dette området.

- Innanfor regulert næringsområde på Langeset er det fleire moglege støykjelder, som både kvar for seg og samla, teoretisk kan gje helseskadleg støy. Stryn kommune ynskjer difor å ta tak i spørsmålet om støyulemper av ulik art i Stryn miljø- og næringspark i høve 2-3 bustadar på Langesethøgda. Vi vil kome attende med meir informasjon når det er teke stilling til korleis ein skal gå fram for på best muleg måte avdekke samla støybelastning i området, skriv Dvergsdal.