Både e-avisa som kom ut måndag kveld og papiravisa som kjem i postkassa til abonnentane i dag, har eit hovudoppslag som verkar halvferdig.

– Då vi sendte avissidene til trykk måndag ettermiddag, var alle sidene komplettte og fine. Så har det skjedd noko vi ikkje har klart å finne ut av, etter at sidene var godkjende for trykk, seier redaktør Bengt Flaten.

Han oppdaga sjølv feilen seint måndag kveld.

– Ikkje minst fordi hovudoppslaget er ei sak vi fekk eksklusivt og hadde jobba med store delar av helga, var det svært kjedeleg å sjå ei førsteside der verken tittel eller tekst er komplett. Vi har no fått teknisk hjelp til å rette opp framsida på e-avisa. Dei som allereie har lasta ned e-avisa, må slette den utgåva og laste ned på nytt for å få rett versjon, seier redaktøren.

Som beklagar både overfor abonnentane og den nederlandske familien som utgjer hovudoppslaget.