Konsernet Stryn Energi fekk i 2015 eit netto overskot på 6,4 millionar kroner. Det er 5,2 mill. betre enn føregåande år.

Konkursen i Stryn Fjernvarme AS som har vore eit pengesluk for det heileigde kommunale energiselskapet, er hovudforklaringa på at konsernet Stryn Energi kom ut med pluss 6,4 mill. kroner på botnlina. Driftsselskapet (Stryn Energi AS) sitt overskot 3.554.000 kroner (etter skatt) gjer at ein kan betale 1,5 mill. utbytte til Stryn kommune.

– 2015 har vore eit bra år for Stryn Energi. Vi fekk tilført eit hundretals nye kundar som bidrog til at kraftomsetninga auka frå 120 til 127 GWh, opplyser energisjef Jan Træen til Fjordingen.

– Korleis klarer Stryn Energi å knyte til seg nye kundar i ein knallhard kraftmarknad?

– Vi er konkurransedyktige og ærlege på våre enkle produkt. I motsetning til ein del andre som opererer i marknaden, driv vi ikkje med lokketilbod.

– Kven er dei nye kundane?

– Ein god del er knytt til hytter og fritidsbustader. Vi har osgå fått tilbake nokre  store kundar som gjer at Stryn Energi sit med 84 prosent av kundepotensialet i Stryn kommune.

Stryn Energi eig og driftar eit linje- og kabelnett på til saman 643 kilometer. Tilsvarande avstanden mellom Stryn og Fredrikstad.

– Her ligg ein god del utfordringar når det gjeld å skaffe alle sikker straumforsyning. Akkurat no investerer vi i ny linje frå Olden til Beinnes. Det skal også føaste straum til Hoven, der den nye linja vil gå i kabel. Oppstarten av Hopland Kraft frå 1. november i år gjer at det hastar å få ei forsterka linje mellom Teigen og Fjelli. Dette arbeidet skal utførast i sommar, fortel Jan Træen.

Lodalen, Tistam, deler av Oldedalen og Flo er andre stader som har behov for betre og sikrare linjenett.

– På Flo satsar vi på å leggje kabel i tunnelen som vonleg kjem om ikkje så lenge, seier Jan Træen.

Innan 2019 vil alle dei 4.600 abonnentane til Stryn Energi få installert nye målarar for automatisk lesing av straumforbruket.

– Stryn Energi AS er medeigar i eit eige selskap, Valider AS, som skal ta seg av innkjøp og drift av nye målarar for alle samarbeidande selskap i Vestlandsalliansen, opplyser energisjef Jan Træen.