Fylkesutvalet tilrår å bruke store delar av fylkesvegbudsjetta dei neste åra til rehabilitering av tunnelar, mange av dei gamle. Fram til 2024 vil fylkesutvalet setje av pengar til rehabilitering av 34 tunnelar. Dette for å stette krav til tunneltryggleik og ta att forfall, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

I saka som vert endeleg handsama i fylkestinget 8. desember vert det tilrådd ein plan med ramme på totalt 1,4 milliardar kroner. Tunnelane vil bli rehabiliterte i perioden 2016 til 2024.

I den samla planen til Statens vegvesen har dei vurdert kva tunnelar som bør prioriterast, samt sju nivå for utbetring med forskjellige kostnadsrammer.

Fylkesrådmannen ser at ei utbetring berre etter tunneltryggingsforskrifta ikkje vil vere ei optimal løysing. Det er eit stort behov for å ta att forfall og gjere strukturelle tiltak og andre utbetringar i tunnelane. I vedtaket tilrår ein å gjennomføre tiltak som må til for å stette krava i tunnelsikkerheitsforskrifta samt faglege tilrådingar for tunnelar omfatta av forskrifta. Dette utbetringsnivået omfattar 34 tunnelar.

I tillegg til ramma for tunnelvedlikehald tilrår fylkesrådmannen at fv. 613 Blaksettunnelen og fv. 303 Seimsdalstunnelen vert prioriterte på investeringsbudsjettet i perioden 2018-2024.

Med ramma til tunnelrehabilitering på 1,4 milliardar kroner er det i tilrådinga lagt til grunn at fylkeskommunen og skal ha midlar til vedlikehald av vegnettet elles. Framdrift i rehabiliteringa vil vere avhengig av løyving i budsjettet kvart år, heiter det i pressemeldinga.