Stryn kommune ber alle innbyggjarar som er knytt til vassverk i Stryn og Loen om å redusere, eller avstå frå vatning i hage og bed.

– Årsaka er at vassverka er nær maksimal kapasitet. Varselet er ei sterk oppmoding og gjeld frå i dag fredag. Kommunen kan innføre vatningsforbod, men vi prøver først med denne vennlege oppmodinga om redusert vassforbruk, melder Stryn kommune på sine nettsider.