Runar Netland stod laurdag på scena som ein del av bandet til Aleks Grey.

Då Aleksander Raftevold frå Nordfjordeid opptredde på Malakoff Rockfestival laurdag, var det ein utflytt stryning som sat bak trommene.

- Det er så kjekt å vere her igjen! sa Netland etter konserten.

Det er tre år sidan han sist var på Malakoff, men då stod han på LUTT-scena. Også den gongen saman med Aleksander Raftevold.

- Det er første gongen på scena på Malakoff, så det er veldig artig! seier Netland.

Då han budde i Stryn var han på festival her kvar sommar.

- Det er stas å få kome tilbake hit og spele, og samtidig få treffe så mange gamle kjende.

Netland bur for tida i Oslo, og er akkurat ferdig med ein bachelorgrad i utøvande musikk. I tillegg har han drive som frilans trommeslagar og levd godt på det.

- No ventar eit år med berre jobbing, det ser eg fram til, seier Netland.

Før det har han ein travel sommar framfor seg med mange spelejobbar og mykje reising.

Runar Netland flytta til Stryn som tiåring og budde her til han var ferdig på vidaregåande. - Stryn er heime, seier han. Foto: Ingrid Kvåle Faleide