Sogn og Fjordane Energi ved konserndirektør for strategi og utvikling, Erling Sande har kome med innspel til Reiselivsstrategi for Vestlandet 2013-2017. Dette i delen som omfattar cruisestrategien.

SFE/Sande sin uttale er i stor grad støtta opp av leiinga i Stryn Energi der det vert undertreka at "landstraum må finansierast gjennom anleggsbidrag og offentleg støtte gjennom ENOVA. Nettselskapet kan ikkje finansiere landstraum gjennom nettramma, meiner selskapet".

- Stor statleg innsats

Frå Sogn og Fjordane Energi si side vert det uttalt at ein i mål og strategiar gjerne må ha ambisjon om å tilby landstraum ved fleire av hamnene på Vestlandet og at alle cruisedestinasjonar på sikt bør ha eit slikt tilbod. Dette må kombinerast med ein stor statleg innsats for å hindre at store kostnader vert lagt på lokale aktørar, meiner SFE. Som eksempel på delmål skriv dei at ein "gjennom statlege finansieringsordningar for miljøtiltak kan sikre at fleire av cruisehamnene på Vestlandet har landstraumsanlegg" og under punktet strategiar: "Arbeide for styrka finansieringsordningar for etableringa av landstraumsanlegg".