Fotballspelarar som ryk i tottane på kvarandre og gjerne fortset krangelen heilt til dommaren dreg opp gult eller raudt kort, er noko vi ser på store og mindre arenaer. Det einaste dei oppnår er å straffe sitt eige lag.

Men det er også befriande å sjå vaksne og disiplierte fotballspelarar takle slike situasjonar. Der det heile endar med smil og eit godt handtrykk.

Midtvegs i andre omgang skjedde fylgjande: Stryn kjempa for å ta igjen Rollon si leiiing. Toppscorar Mads Wie og ein av Rollon sine spelarar gjekk i  knallhard duell som det lukta gult kort av. Dommar Johnny Skjerven bles og kalla til seg to hissige spelarar. Som på elegant vis løyste opp heile situasjonen med eit fast og godt handtrykk.

Den hadde du likt Davy Wathne!