Nils- Arne Ødegård ved ByggOpp, opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk, rosar arbeidet ved Stryn vidaregåande skule, i ei tid der ein generelt slit med rekrutteringa til byggnæringa.
- Stryn er kanskje skulen med best søknad i fylket. Dei hadde over 20 søkjarar på 12 plassar og fekk såleis oppretta to klassar, og det er strålande, uttalte Ødegård i samband med eit besøk han arrangerte for mellom anna rådgjevarar ved skulane i Nordfjord og HAFS- regionen førre veke.
Internasjonalt samarbeid, satsing på vekslingsmodellar (veksling mellom skule og læretid i bedrifter) og godt samarbeid med hans eigen organisasjon var forhold han elles rosa ved skulen i Stryn.