Det er over 300 elevar ved Stryn vidaregåande skule i år. Dette ført til at ei ny problemstilling har dukka opp: Hybelmangel.
- Ved skulestart var det ikkje ledige hyblar å oppdrive, fortel Elisabet Bø Nesdal, førstekonsulent ved Stryn vidaregåande skule.
– Vi har elevar som står utan hybel første skuledag, seier Elisabet ho til Fjordingen.
– Har skulen feilberekna hybelbehovet?
– Det er faktisk umogeleg å vite kor mange som treng hybel når skulen startar. Det er folk som får plass i siste liten, og nokre får også plass i det skulen startar eller dagane etter, fordi det er nokon som har takka nei eller trekt seg frå plassen sin, seier Elisabet Bø Nesdal.
– Kva gjer de no for dei elevane som ikkje har fått hybel?
– Vi håpar sjølvsagt at det skal dukke opp fleire hyblar etter kvart. Og så prøver vi å hjelpe dei så godt vi kan inntil vidare.