Sambuarane Eileen Mortensen og Henrik Rosenlid har overteke Almenning A/S sitt fabrikkanlegg på Ulvedal. Industribygningen der det no vert sveisa PVC-dukar for silopress fram til 1. juni, skal nyttast til utstilling av sjeldne veteranbilar som Henrik og faren Jon Rosenlid har skaffa seg.

-Det er vel litt ambisiøst å kalle det museum, men vi ønskjer å gjere dei 30-40 bilane tilgjengelege for folk flest, seier Rosenlid. Han håpar at han framleis kan ha leigetakarar i kontorlokala når han formelt tek over tomt og bygningar frå 1. september. Han seier at overtakinga også vil gjere det enklare plassmessig å halde fram med bilopphoggeriet på Rosenlid.

For Almenning A/S betyr det at ein lang lokal industriepoke er over. Brørne Almenning med Hallvard i spissen, har takka vere stort pågangsmot og usedvanleg kreative evner prøvd så mangt og med gode resultat. Neste år kan dei markere at det er 40 år sidan fabrikklokala vart tekne i bruk.