Bjørg Næss i Geiranger & Nordfjord Cruise Handling ber i innspel til reguleringsplan Olden om at ein også i framtida får nytte bussparkeringa ved cruisekaia. Dette for å få ei god trafikkavvikling på cruiseterminalen i Olden.

- Området må sikrast vidare sørover, samtundes som ein tettar "hola" mellom kaia og parkeringa. På denne måten vil ein få ei betre oppstiling for bussar og meir plass til cruisegjestane, hevdar Bjørg Næss.