Ein brøytebil har køyrd av rv 15 Strynefjellsvegen i svingane ned frå fjellet, opplyser politiet. Politiet har vore på staden og bistått med dirigering av trafikken.

Bergingsbil er no på plass, og vegen vil bli stengd ein halv times tid medan bilberging pågår, opplyser politiet. Utforkøyringa førte ikkje til personskade.