Sunnmøringane går ikkje av vegen for hinder. 10. september arrangerer "Over stokk og stein" det første hindermaratonet i Norden i Follestaddalen i Ørsta. Det er også lagt opp til halvmaraton.

I fjor arrangerte dei hinderløp for første gong som er mynta på alle. Dette vert arrangert også i år den 3. september med ei runde på 4,25 km for ungdom/familie/mosjon og to runder i konkurranseklassen.

Når det gjeld hindermaraton, er det langt alvorlegare greier der det vert lagt opp til fem runder i ei løype på ca. 8,4 km. Mellom anna skal ein krysse den breie Follestadelva. Det er lagt opp til 60 hinder per runde i hindermaraton, og sluttida vil med erfaring frå liknande løp i England ligge på ein stad mellom 5 og 9 timar. Dette er berre for hardhausar, og arrangøren har sett eit tak på maksimalt 45 utøvarar.