I eit oppdatert varsel frå Meteorologisk institutt måndag ettermiddag er jord- og flaumskredvarselet for Stryn, Sogndal og Vik oppjustert frå gult til oransje; Stor fare.

For Stryn gjeld oransje varsel i skrivande stund både for måndag, tysdag og onsdag.

Grensa til raudt farevarsel, som er det høgaste, går ved fylkesgrensa mellom Vestland og Innlandet.

– Hald deg unna bratte skråningar, bekker og elveløp med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred. Kraftig erosjon i vassdrag kan stadvis utløyse mindre utglidingar som kan redusere stabiliteten langs vassdraget. Ein må vere spesielt merksam på slike utglidingar i område der det er kartlagt kvikkleire og i område med marine avsetningar. Varsle beredskapsansvarleg i kommunen ved observasjon av slike hendingar, rår Meteorologisk institutt.

Kan få SMS av politiet

Politiet sender naudvarsel pr. SMS til folk som oppheld seg i kommunar som kan bli råka av ekstremvêret «Hans».

Det er statsforvaltaren i Vestland som har oppmoda politiet om å sende naudvarsel til mobilar som er i område som er råka av varsla om farleg vêr. Dette gjeld no kommunane Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Stryn, Vik og Årdal.

Meldinga vert sendt ut først og fremst som eit førebyggande tiltak, særleg viktig er det å nå turistar som ikkje følger med i norske medium, melder politiet.