Nyhende →
For reiselivssjefen er bulyst like viktig som besøkslyst
– Reiselivsutvikling er også samfunnsutvikling, seier leiar i Visit Nordfjord, Marita Lindvik. For henne er det viktig at det som vert utvikla innan reiselivet også skal ha ein verdi for innbyggjarane i lokalsamfunnet. Slik kan reiselivsnæringa ikkje berre bidra til auka besøkslyst, men også bulyst.