Sunnmørsposten: Olav Lødemel kjem frå stillinga som direktør for Voss sjukehus.

I november gjer han seg kjend med helseføretaket før han tek over som adm.direktør 1. desember. Hittil har han mellom anna besøkt alle sjukehusa i fylket.

Konstituert adm.dir. Heidi Nilsen sa at Lødemel har gitt eit solid inntrykk.

Helseplattforma blir den første store saka Lødemel må ta stilling til. Allereie 7. desember skal styret ta stilling til om Helseplattformen skal innførast neste år, eller om dei skal vente til 2026. Dette styremøtet er framskunda frå 20. desember.

Det vart ikkje sagt i styremøtet, men namnet har Lødemel frå Hornindal der far hans kjem frå.