Dette er fremma som eit representantforslag, med handsaming i helsekomiteen 27. februar.

No ønskjer forslagsstillaren, Bård Hoksrud, å få utsett fristen for komiteen si innstilling.

– Det har kome ei rekke nye skandaleavsløringar som er kritisk for komiteen sitt arbeid og avgjerdsprosess, seinast i helga om dei alvorlege problema med hemmelege adresser. Desse opplysningane går direkte inn i saka si kjerne, og bør vere eit godt grunnlag for å ta seg meir tid til å handsame saka og kome med ny politikk. Det er av komiteen og Stortinget si interesse å ha ei så grundig og opplyst handsaming som mogleg, uttalar Bård Hoksrud.

Sunnmørsposten var først med å melde om avvik i Helseplattformen knytt til pasientar med hemmelege adresser.

Hoksrud grunngir ei utsetting også med to andre forhold:

  • Direktøren ved St. Olavs hospital og i Helse Møre og Romsdal har uttrykt bekymring over feilaktige og uriktige opplysningar i brev frå Helse Midt-Norge til Helsetilsynet, slik Sunnmørsposten var først med å omtale.

  • Utgiftene Helse Midt-Norge har fått i høve implementeringa av Helseplattformen har vore betydeleg høgere enn forventa.