Torsdag og fredag tok elevane styringa på Stryn vidaregåande skule. Dei som måtte tru at dei 270 elevane gjekk og daffa, må tru om att. Elevstyret anført av Lena Vinsrygg (elevrektor), Peder Skåden (IT-ansvarleg), Siri Tenden (sekretær), Cathrine Breidablik (sekretær), Sina Flo Muri (sekretær), Reidun Ulvedal (reinhaldsansvarleg) og Eivind Wangen (driftsansvarleg) tok hand om administrasjonen av skulen. Til å undervise hadde dei over 50 elevlærarar.

Sjå elevane sine eigne bilete frå dei to dagane: