Det var ei rørande «avduking» av den nye leike-brannbilen ved klatreparken i Stryn sentrum. Brannkorpset var til stades og tillitsvalt Are Njøten heldt ein tale om sin tidlegare sjef på vegne av Stryn Brannvern.
Jarle sin familie var tydeleg røyrde og veldig nøgde med leikebilen som er resultatet etter innsamla midlar. Det var familien sitt ønskje om eit slikt minne istadenfor blomar i høve Jarle sin bortgang 27. desember i fjor.
– Vi vil takke Anders Maurset i kommunen og brannkorpset for jobben dei har gjort med denne bilen. Den er heilt i Jarle si ånd, sa familien.
To av barneborna etter Jarle fekk æra av å gjere den offisielle «avdukinga». Med ei spesialsaks ein kan klippe metall med, klipte Bendik Slotsvik og Rasmus Slyngstad av ein brannslange og tok den stasjonære brannbilen straks i bruk.
Jarle Dragesæt var brannsjef i Stryn sidan 2005, men begynte i brannvesenet tidleg på 1980-talet. Han gjekk bort etter kreftsjukdom 27. desember i fjor, 60 år gamal.