Med hjelp frå SINTEF og fleire miljø innan bruplanegging, står vegvesenet fast på at E39 etter midtre linje blir 6 milliardar dyrare enn indre linje. Det melder Sunnmørsposten.

På oppdrag frå Samferdsledepartementet har vegvesenet oppdatert kostnadane for E39 Skei-Ålesund til 2013-prisar. Dei har også berekna verknadane av alternativa etter 40, 60 og 75 år.

Statens vegvesen har fått kontrollrekna kostnadane frå Skei til Volda.

Stryn-linja, med allereie ferdigbygde Kvivsvegen, vil koste totalt 8 milliardar kroner, frå Skei til og med Ørstafjorden.

Til samanlikning vil midre linje med bru Anda - Lote og bru over Austefjorden i Volda koste 12 milliardar. Den midre linja med bru nærare Folkestad, kjem på totalt 14 milliardar kroner.

Differansen mellom sistnemnde alternativ og indre linje blir dermed på 6 milliardar kroner.

Vegvesenet har også rekna på samfunnsøkonomien. For Skei - Volda kjem indre linje best ut i eit 40-års perspektiv. I 75-års perspektiv vil midtre alternativ med bru aust for Folkestad kome best ut.

I notatet frå Statens vegvesen som er sendt til Vegdirektoratet, blir det synt til at 40 år er rimeleg levetid for ei veginvestering. Etter den tid må ein rekne med stor ombygging og oppgradering.

- Vegvesenet rår difor ikkje til  at ein utvidar analyseperioden ut over 40 år, skriv Sunnmørsposten.