– Saka er ikkje ny, men sommaren i år har aktualisert denne saka veldig. Det er nesten utruleg at ein liten bæsj i Olden kan skape riksnyhende, sa ordførar Sven Flo då formannskapet handsama saka om nye toalett- og renovasjonsordningar onsdag.

Det skal no syast saman det ordføraren omtalar som ein «masterplan» for turistkommunen Stryn der mellom anna talet på toalett og avfallsordningar blir dimensjonert for dei turistmassane som har sett sitt preg på Stryn i sommar.

– Det er masseturisme vi har sett i Stryn i år, sa Per Kjøllesdal (Sp)

– Må vere eit samarbeid

Startskot: Ordførar Sven Flo snakka om ein komande masterplan som skal dimensjonere riselivskommunen Stryn for auka turisme. Fleire nye toalett og avfallsordningar inngår i planen. Foto: Roger Oldeide

Flo viste til bygging av mobilt toalett i Kjenndalen som eit økonomisk spleiselag mellom Loen Reiselivslag, Kjenndalsstova og Stryn kommune. Der skal 50 prosent av av investeringskostnadene bli finansiert av Miljødirektoratet.

Drift av toalettet vil også verte eit spleiselag. Ifølge sakframlegget er det minimum fem toalettplasseringar der kommunen bør stå for etablering, men ser for seg eit spleiselag for drift av desse.

Les også: Kommunen tek grep

– Næringslivet må på bana i denne saka, sa Sonja Øvre-Flo (H).

– Dette vil uansett krevje større økonomisk engasjement frå Stryn kommune. Dialogen med vegvesenet og fylkeskommunen blir veldig viktig når administrasjonen skal utarbeide ein heilskapleg masterplan for turistkommunen Stryn, sa Flo.

Nye toalett- og avfallspunkt

Følgjande lokasjonar med behov for toalettløysing er nemnd i saksframlegget:

Nos, Fjelli, Løypenett ved Tonningleirane/Bøanedsetra, Løypenett Visnes, Dispaholmen, Lund og Gardssanden på Hjelle, Flo, Jøl bru/Napen, Ty-tigen, Breng og Bødal.

– Ved utkikkspunktet ved vegen i Kjenndalen må det i alle fall opp eit toalett, meinte Kjøllesdal.

Nemnde lokasjonar i Stryn med mangel på søppelanlegg: Hopland, Fjelli, Dispaholmen, Flo, Jøl bru/Napen, Tystigen, Staveneset, Lovatnet, Bødal, Kjenndalen og Avleinvika.

Det vart presisert at lista med lokasjonar ikkje er endeleg.

Eit samrøystes formannskap vedtok følgande framlegg:

1. Kommunen vil vere pådrivar for etablering av toalett og avfallsleveringsordning der dette manglar og der vegvesenet eller private ikkje kan påreknast å ha eit ansvar etter ureiningslova.

2. Kommunen kan bidra økonomisk til investering i toalett- og avfallsløysingar der Statens vegvesen eller private ikkje har ansvar, helst gjennom ei deling av kostnadane med aktuell statleg delfinansiering.

3. Drift av toalettordningar som Statens vegvesen eller private ikkje har ansvar for bør skje som eit samarbeid mellom private og kommunen. Kommunen sitt ansvar kan til dømes vere tømming av toalettet.